Hjem > Fylkes-og-lokallag > Vestland

Lokallag Stad INP

"Co2 avgift på brensel til fartøy skal fjernast og grunnrenteskatten i oppdrett skal fjernes heilt"

Stad Industri og næringsparti (INP) Stad skal halde fram med å utvikla seg til ein kommune der både folk og bedrifter kan veksa og utvikla seg trygt for neste generasjon. Visjonen er eit levande lokalsamfunn med eit sterkt næringsliv som skaper arbeidsplassar og velferd, samstundes som ein tek vare på den unike kystnaturen og kulturarven. Det skal leggjast til rette for innovasjon og nyskaping, og kommunen skal vere ein attraktiv stad å bu og driva næring i.

Noko av det me brenn for er gode aktivitets og kulturtilbod til innbyggjarar i alle aldrar, forbetra helsetenestetilbodet med raskare diagnostikk samt rett behandling. I tillegg skal arbeidsvilkåra for helsefagarbeidarane, tilrettelegge for eit ope og inkluderande kommunehus, sørge for at det offentlege og det private samarbeider tettare og har god dialog før viktige beslutningar vert vedtatt. Me skal halde fram satsinga på vegutbygging i kommunen og tilretteleggja for nærings- og oppstartsvirksomheter, med særskild vekt på å betra vilkåra for desse. Samstundes skal me fremja lovendringsforslag som styrkjer fiskeri- og havbruksnæringa. Dette arbeidet vil me gjera i samarbeid med medlemmene våre for å oppnå mandat på Stortinget ved neste val. Målet er å skapa vekst og utvikling, og sikre ei berekraftig framtid for næringslivet og lokalsamfunnet. Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt for å fremja vekst i lokalt næringsliv. Vi i INP Stad støtter og fremjar gjennomføring av dette prosjektet, som vil vera verdas største skipstunnel. Dette vil bidra til tryggare ferdsel på havet i framtida.

Visjonen er å skapa ei framtidsretta ramme for desse viktige næringane. For å oppnå dette, vil vi i Kinn INP lag leggja fram forslag som adresserer sentrale utfordringar og moglegheiter, kjempe for rekruttering og vekst innanfor fiskeri- og havbruksnæringa, gode levekår for våre eldre, samt tilrettelegge for ein god og trygg oppvekst for born og unge. Me vil sikra at norske aktørar beheld kontrollen over dei avgjerande ressursane og verdikjedene innan fiskeri og havbruk. Dette inneber å sjå på ordningar for konsesjon, deltakerloven og fordeling med tanke på krav rundt eigarskap samt strengare regulering av utanlandsk kapital og investeringar i Noreg for å unngå at utanlandske aktørar tek over kontrollen med viktige norske arbeidsplassar og dets verdiar i framtida.

Fiskeri- og havbruksnæringa er ryggrada i mange kystsamfunn. Framlegget vil difor ha eit sterkt fokus på å sikra og styrkja arbeidsplassar, både direkte i næringa og indirekte i leverandør- og serviceindustrien. Me vil òg sjå på tiltak som kan fremma vekst og verdiskaping i distrikta, og sikra at dei lokale samfunna tener på næringsverksemda. Samstundes skal grunnrenteskatten i oppdrettsnæringa fjernast. Grunnen er at denne skatten signifikant bremsa utvikling og reinvestering i næringa, noko som hindrar innovasjon og ikkje fungerer i praksis for vidare vekst. Målet er å skapa eit betre klima for investeringar og utvikling, både i distrikta og i oppdrettsnæringa. For at Noreg skal behalda sin posisjon som verdsleiande innan oppdrett av kveite, torsk, piggvar, laks og ørret i framtida og eventuelle andre oppdrettsdyktige artar, må det satsast på forsking og utvikling. Dette inneber å styrkja kunnskapsgrunnlaget innan avl, fôrutvikling, fiskehelse og miljøteknologi. Det er òg viktig å leggja til rette for innovasjon og nye teknologiske løysingar som kan auka effektiviteten og berekrafta i oppdrettsnæringa. Vidare må det arbeidast for å sikra stabile og føreseielege rammevilkår som gjev næringa moglegheit til langsiktig planlegging og investering. Samarbeid mellom næringsliv, forskingsinstitusjonar og offentlege styresmakter er essensielt for å møta framtidige utfordringar og utnytta nye moglegheiter, slik at Noreg kan fortsetja å vera i front internasjonalt og for neste generasjon.

Me vil sikra rettferdige konkurransevilkår innan næringa, både nasjonalt og internasjonalt. Dette kan innebera å sjå på toll- og avgiftsregime, marknadsreguleringar og tiltak mot urettferdig subsidiering frå andre land. Målet er at norske produsentar skal kunna konkurrera på like fot og oppnå ein rettferdig pris for produkta sine.

Den nye leiaren i Stad INP er Alexander Refsnes og man har her tenkt at Noreg skal fortsatt vera eit stabilt, trygt og forutsigbart land å bu i for norske statsborgere. I Noreg har me ein historikk basert på tillit til vår folkevalgte politiske leiarar. Dei seinaste åra har det vore ein aukande frustrasjon over landets retning, som ein følgje av dagens styring og forvaltning av skattekronene. I tillegg har ein vore vitne til brot på habilitetsspørsmål og fusk med innleveringsoppgaver for å oppnå grad på universitetet i sittande regjering. Desse problema skaper uro og tvil om rettvis forvaltning og integriteten i det politiske systemet. Det er eit behov for auka transparens og ansvarleggjering for å gjenoppretta tillit i politikken hos veljarane.

Lovnader som ikkje vert heldt, eit stadig aukande byråkrati, restriktive retningslinjer beslutta av EU, offentlig pengebruk utan verifikasjoner og utan god nok økonomisk styring - kor sløsing av fellesskapets finansar ikkje får konsekvenser - og ikkje minst stortingspolitikarar som i stadig aukande grad er vorte ykrespolitikarar som står fram med ei lite tilfredstillende haldning for veljarane med tanke på habilitetsspørsmål i vurdering av saker på Stortinget som er rotårsaken til å engasjere seg meir i politikken hvertfall for min del som ny lokal leiar og med relevant kompetanse fra havbruksnæringa.

For å vera konkurransedyktige globalt, må me satsa på innovasjon. Framlegget vil difor innehalda tiltak for å stimulera til forsking og utvikling innan nye teknologiar og driftsformer, både innan fangst og oppdrett. Dette kan vera alt frå meir energieffektive fiskefartøy og lukka eller nedsenkbare oppdrettsanlegg samt havbruk til havs (offshore) i tillegg til nye måtar å utnytta biprodukt på.

Har ein nokon gong funne eit politisk parti som etterlever løfta sine i si heilheit, både under sjølve valet og etter at dei har kome inn på Stortinget? Svaret er oftast nei, men me i INP skal leva opp til våre verdiar og visjonar også i handling og forbli eit talerør for våre veljarar inne på Stortinget ved oppnådd mandat ved neste val. Etter dagens styring tok det ikkje lang tid å ta ei avgjerd om å takka ja til å leia kystkommunen Stad for meir lokal vekst og utvikling framover. Me fann fort ut at INP er partiet som ligg nærast våre synspunkt med henblikk partiprogrammet i INP. Vektlegging av yrkeserfaring i politikken, næringsutvikling, utvikla og realisera tiltak som faktisk nyttar i fiskeri- og havbruksnæringa, samt i helsesektoren, skal sikra god utvikling av landets viktigaste næringar – olje og gass, og fiskeri- og havbruk. Ein distriktsvennleg politikk som innbefattar desentralisering av utvalde departement, samt samferdselspolitikk som skapar langsiktige perspektiv og effektive hovudfartsårar i landet, er saker som engasjerer meg som deira leiar.